Dagboksdagar

Dikt i utval, gjendikta av Knut Ljosland

Anemone Latzina blei fødd i Brasov (Kronstadt) i Transilvania i 1942. Ho høyrde til den vesle tysktalande minoriteten i Romania, ein del av det folket som Ceaucescu-tida kom til å gå hardt utover. I levetida fekk ho berre gjeve ut to diktsamlingar. Hennar forum var aviser og tidsskrift og ho var tlknytt tidsskrifta Luema og Neue Litteratur.

Latzina var i si dikting oppteken av å seie sanninga slik ho var, utan omsyn til kva som var lønsamt å seie offentleg. Det var ikkje lett å gje ut dikt som gjekk på tvers av den politiske einsrettinga, og det var heller inga føremon å høyre til ein tysktalande minoritet. For unge tyskspråklege forfattarar som Ernest Wichner og Richard Wagner blei Anemone Latzina eit førebilete. Medan fleire av dei unge forsvann til vestlege land, blei Anemone Latzina buande.

I 1992 blei hennar dikt i utval gjeve ut i Tyskland, eit utval som denne gjendiktinga bygger på. Anemone Latzina døydde i Bukarest i 1993.

Dagboksdagar er gjendikta av Knut Ljosland, som også har skrive etterord til samlinga.