Essensen

Forteljingar

Olav R. Øyehaug skriv fabulerande prosa og følgjer med Essensen opp sin fabelaktige debut Kodane frå 2008. Han skriv mellom anna om sæden sin jakt på evig liv, om å erstatte den elektriske stolen med ein elektrisk pub, om fluktforsøket til ein orangutang frå dyrehagen, om å misforstå alt med uheldige følgjer, om å kle seg ut som seg sjølv, om ei mor som klappar og stryk fram sonen sin frå inkje. Døden er massivt til stades i Olav R. Øyehaugs forteljingar, om ikkje alltid slik ein skulle vente.

Utdrag fra Essensen (pdf)

Om Essensen

«Alt i alt er Essensen ei fin korttekstsamling, skriven med uvanleg stø språkkjensle og med mykje lun humor.»
Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

«Jeg får lyst til å si: Bra jobbet! [...] [V]iljen til å si la teksten snakke på egne premisser - gjør Essensen til god og ikke minst morsom litteratur.»
Cato Fossum, Bergens Tidende

«I dei overdimensjonerte romanars tid kan det vere ei lise å roe seg ned med den slags prosa som Olav R. Øyehaug skriv: korte, rare tekstar med finurlege poeng, med eit språk der overraskingane poppar opp bak kvart skiljeteikn, tekstar samla i små, smale bind om lag så store som ei standard diktsamling. Sjølv kallar Øyehaug dei 'forteljingar', og dei er vel det også, på eit vis.
[...]
Eg likar dette.»
Atle Kittang, Klassekampen

«I si andre bok skriv forfattaren, musikaren og komponisten Olav R. Øyehaug korte, originale tekstar om det vesentlege og det uvesentlege, om identitet og samanheng i eksistensen, om Gud og mennesket, og alt er gjort med humor og overraskande vinklingar. Dei uventa assosiasjonane er gåtefulle og fascinerande og ulikt det meste ein finn i samtidslitteraturen. Her er tekstar som kan minna om Lautréamont og Kafka, men dei har ein poetisk logikk og ein forfriskande tone som er særeigen for forfattaren.»
Dag og Tids begrunnelse for å nominere Essensen som kandidat til Årets nynorskbok 2011

«Øyehaug befestar posisjonen sin som Vestlandets Kafka med andreboka si. Desse korte og mildt sagt merkelege forteljingane bør nytast i små porsjonar.»
Agnes Ravatn, Bergens Tidende

«Olav R. Øyehaug har ein originalitet som ikkje verkar konstruert, prosaen hans er fri, frisk og annleis. [...] Såleis er Øyehaug, anten ved refleksjon eller intuisjon, eller båe delar, ein forfattar som utvidar erkjenninga til lesaren, og ikkje midjemålet til forfattaren.»
Odd W. Surén, Dag og Tid

«Som i debutboken Kodane (2008), skriver Øyehaug også denne gangen gjennomgående fokusert og observant, samtidig som språket er lekent på en måte som kan minne om Fløgstad. [...] Ironibruken tilfører Essensen en fin åpenhet - satt i spenn mellom tilsynelatende paradokser, absurditeter og forgreinende tvetydigheter, inviteres jeg til deltagende lesning.»
Erik Engblad, Morgenbladet